Beskrivelse
FERDIGE MÅL:
1 2 3 4 5 6 7 8 9
Overvidde 79 89 99 109 120 130 140 150 160
Bollengde 30 31 31 32 33 33.5 33.5 35 35
Ermevidde 30 31 33 36 40 45 48 52 55
INFO:
Denne toppen er meint å ha 5-10 cm med ekstra bevegelsesvidde. Om du vil ha ein topp som sit finare på anbefaler eg å ha 5 cm i negativ bevegelsesvidde. Blonda nederst er inspirert av korleis regn kjennes ut over paraplyen på ein regnværsdag i Bergen, noko eg vonar eg slepp oppleve medan eg går med toppen. Om du treng hjelp kan du kontakte meg på ravelry, instagram eller sende ein epost til kostrikker@gmail.com. Om du legg ut bilete av at du strikker denne kan du gjerne bruke #nedbørtee
Lukke til med toppen!
ERRATA Strikk glattstrikk på bolen til der du når ditt naturlege liv/midje eller til du manglar 8 cm frå ynskja lengde!
GARN: Ulltøsene sitt ullsokkegarn eller tilsvarande tynt ullgarn med 400 m per 100 gr. Babyull kan eventuelt brukes. I tillegg treng du ein tråd med Lammemyk frå Pinnsvindesign. Her kan du eventuelt bruke ein tråd med tynt mohairgarn.
MENGDE I METER:
Hovudgarn: 550 (600) 670 (760) 870 (1000) 1050 (1200) 1270
Følgetråd: 550 (600) 670 (760) 870 (1000) 1050 (1200) 1270
PINNER: 3 og 3,5 mm eller den pinnen du treng for å få riktig strikkefastleik.
STRIKKEFASTLEIK: 22 m x 30 omg per 10 cm.