Ortusvottane

45,00 kr

Desse vottane har fått namnet Ortus som er soloppgang på latin. I prosessen med å lage desse vottane har eg vore inspirert av dekorerte solur og Selbutradisjonen. Desse kjem i to storleikar, små og store, dei små vil passe dei fleste kvinnehender, medan dei store dei fleste herrehender. Dei store vil vere markert med parentesar i for eksempel oppleggsmaskeantallet. Eg vil anbefale å lese gjennom mønsteret før du byrjar så du veit kva som skjer vidare.

Beskrivelse

Inspirasjon: 

Om du deler bilete av dine vottar strikka etter mønsteret bruk gjerne emneknaggane #ortusvottane#ortusvotten eller #ortusmittens. Bruk gjerne #kostrikkerdesign og #kostrikker i tillegg. 
Treng du hjelp med mønsteret send meg ei melding på Ravelry eller send ein epost til kostrikker@gmail.com
Du finn resten av designa mine her på designsida mi.

  • Storleikar: Små (Store)
  • Garn: For å strikke desse vottane treng du garn som gir mellom 350 og 400 meter per 100 gram. Modellen er strikka i La bien Aimee x Mondim Yellow Brick Road og Smoke. Om du ynskjer eit norsk garn kan du bruke Finull PT2 frå Rauma Ullvarefabrikk.
  • Mengde garn (gram): Ca 50 (100) gram bunnfarge og 50 (50) gram med kontrastfarge.
  • Pinnar: 2,5 og 3 mm pinner, eller dei pinnane du treng for å få passande votter. En trådstump å sette tommelmaskene på.
  • Du treng ein trådstump å sette tommelmaskene på. Tråden bør vere glatt og i ein kontrastfarge.
  • Strikkefastleik: 28 masker per 10 cm. (Om du ynskjer å endre litt på storleiken på vottane kan du endre strikkefastleiken med å endre pinnestorleik)

Tilleggsinformasjon

Garntype

Rauma finull

Garnmengde

50g av kvar farge

Strikkefasthet

28 m per 10cm

Pinnenr

2,5mm

Storleik

liten, stor

Selgerinformasjon

  • Butikknavn: KO strikker
  • Selger : Karen-Oliva Solheimslid
  • Adresse: Mellomvegen 96
    9006 Tromsø
  • Ingen vurdert funnet enda!
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!